
Konsert
Ingebjørg Bratland
- Dato
- fredag 6. november 2026
- Tid
- 19:00
- Scene
- Festiviteten, Haugesund
- Pris
- Se billettside for priser
Om arrangementet
Med krystallklar røyst og ei utstråling som treff midt i hjartet, har Ingebjørg Bratland med rette vorte omtala som ein nasjonalskatt. Vinje-bygdingen er evig knytt til udøyelege låtar som «Jul i Svingen» og «Fordi eg elskar deg», men også låtar som «Ingen som du» og «Di Ingebjørg» er prov på Bratland si samlande musikalske kraft på tvers av generasjonar. Når Ingebjørg Bratland og bandet står på scena, oppstår det noko heilt eige. Det siste året har Ingebjørg vore høgaktuell på fleire frontar. Fyrsteplass på Spotify med låta «Baby, du er rå!», saman med Hagle, samstundes som ho kvar veke sjarmere nasjonen som mentor i TV 2-suksessen The Voice, for å nemne noko. Etter fleire år med ei rekordlang rekkje utselde konsertar saman med Odd Nordstoga, startar no eit nytt musikalsk kapittel for Bratland. Denne kvelden får publikum oppleve Bratland på sitt aller beste, med både kjende og nye songar, historieforteljing og ei formidlingsevne som fyller heile rommet. Vi lovar ein kveld du seint vil gløyme, med ein av landets aller dyktigaste formidlarar i sentrum.
Sted
Festiviteten
Haugesund
Se alle arrangementer→Mer på Festiviteten
- lør. 17. okt.LørdagsSnop - HAUT- Impro for barn -Straff eller stjerne12:00
- lør. 17. okt.HIM IGJEN - Jubileumsforestilling Festiviteten og Haugesund Teater19:00
- lør. 24. okt.StandUp Hgsd: Helene Holtskog - Men har du prøvd yoga?21:00
- tir. 27. okt.Lars Monsen og Trine Rein - Ustoppelig19:00
- ons. 28. okt.Riksteatret – Apestjernen18:00
- tor. 29. okt.Ingrid Bjørnov - Bjørnov tar det piano19:00
- fre. 30. okt.Mannskoret Vibran - Hundre år i sangens tjeneste19:00
- fre. 30. okt.Hivju and the Garbage King21:30