POESIKONSERT “Dette saknet liknar ein søndag” – ei meditativ stund i ord og tonar

General · Gratis

POESIKONSERT “Dette saknet liknar ein søndag” – ei meditativ stund i ord og tonar

Dato
lørdag 7. november 2026
Tid
13:00
Varighet
1 h 0 min
Scene
Karmøy Kommune · BESTILL Tilgjengelige varer Select something... Poesikonsert NOK 200,00 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Poesikonsert - LEDSAGER (bevis må framvisast) Gratis 0 1 <img ng-src='{{ngDialogData.image_url}}'> Arrangementsinformasjon POESIKONSERT“Dette saknet liknar ein søndag” – ei meditativ stund i ord og tonarPoet Lise-Marte Vikse Kallåk les frå si siste diktsamling akkompagnert av tonar frå trekkspelet til musikar Halvor Lillesund. Dei fleste av oss vil oppleve å miste foreldra sine. I Dette saknet liknar ein søndag møter me ein aldrande far, som får slag og mister viktige funksjonar. Gjennom dottera sitt blikk og observasjonar følger me han gjennom sjukeleiet og inn i døden. Dette er ei skildring av ein far-dotter relasjon, ein far som ein gong var ein omsorgsperson. Roller som skiftar. Sorg og sakn. Beina held deg ikkje lenger. Du klarar ikkje strekket frå senga til badet og vidare til kjøkkenet. Du som hadde skulerekorden i stille høgde, får ikkje venstre foten over terskelen. Du som sykla til andre sida av byen for trekkspeltimar, får ikkje venstre handa over knappane. Men du kan sitere Håvamål, rekne ut kva vekedag 17. mai kom på i 1952 og når påsken kjem. Lise-Marte Vikse Kallåk (fødd 1963) er frå Haugesund. Ho er utdanna cand. mag. og har arbeidd som lærar, journalist og kunstformidlar. I 2015 debuterte ho med diktsamlinga Månen landa i natt. “Dette saknet likar ein søndag” kom ut i februar og er hennar sjette diktsamling. Tidlegare bøker er blant anna Den vesle leppeboka – og andre dikt (2023) og Blomar eg har møtt (2025). Halvor Lillesund (født 1972) er frå Karmøy. Han er musikar og komponist, og har arbeidd med ei rekke norske musikarar, blant andre Rein Alexander, Helene Bøksle, Torbjørn Økland, Jan Ingvar Toft og Blest. Lillesund har hatt mange konsertar med sin eigen kvartett som spelar tangoar av Astor Piazzolla, sist under Sildajazz 2025. I 2022 ga han ut albumet «Vintertun» som er ei samling improvisasjonar, saman med Torbjørn Økland og Nils Økland.  Han har og medverka som både komponist, arrangør, kapellmester og musikar på ei rekke teateroppsettingar ved blant anna Haugesund Teater, Rogaland Teater,  Den Nationale Scene, Kilden Teater, Røldalsspelet og Teater Innlandet. Ansvarsfraskrivelse Kjøpte billettar refunderast ikkje. Karmøy
Pris
Gratis
Se billetter

Om arrangementet

POESIKONSERT“Dette saknet liknar ein søndag” – ei meditativ stund i ord og tonar Poet Lise-Marte Vikse Kallåk les frå si siste diktsamling akkompagnert av tonar frå trekkspelet til musikar Halvor Lillesund. Dei fleste av oss vil oppleve å miste foreldra sine. I Dette saknet liknar ein søndag møter me ein aldrande far, som får slag og mister viktige funksjonar. Gjennom dottera sitt blikk og observasjonar følger me han gjennom sjukeleiet og inn i døden. Dette er ei skildring av ein far-dotter rela

Sted

Karmøy Kommune

Karmøy

Se alle arrangementer→

Mer på Karmøy Kommune