Som lindi bere lauv

Konsert

Som lindi bere lauv

Dato
onsdag 3. februar 2027
Tid
19:00
Varighet
Ca. 1 time (ikke pause)
Scene
Arendal Kulturhus · Lille Torungen Arendal
Pris
360 kr
Se billetter

Om arrangementet

ANDERS HEFRE OG JOHANNE FLOTTORP «Som lindi bere lauv» er henta frå ein setning i Folkestadvisa. Den visa er på mange måtar med på å definere den vokale folkemusikken frå Midt-Telemark, og var ein viktig inspirasjon då Anders Hefre og Johanne Flottorp skulle lage tingingsverket til Telemarkfestivalen i 2023. I komponeringsarbeidet tok dei utgangspunkt i eit knippe lokale folkesongar. Dette materialet blei så bearbeidd for å lage nye songar og slåttar. Resultatet er ein konsert som går over tre satsar som tek deg med gjennom eit menneskeliv. Det startar med barnesong og leik, går vidare over til ungdomstid, til vaksenliv, bryllaup og arbeid, før det glir over i livets siste fase. Akkurat som lindi bere lauv. Urframføringa i Bø kyrkje vakte stor begeistring og festivalsjef Kristoffer Mosfjeld meinte dette var «eit sjeldant komplett tingingsverk». Det blei tidleg klart for fleire at dette var ein konsert som hadde livets rett også utover denne kvelden. Difor blei musikken gitt ut på plate i 2025, og no skal verket spelast igjen, denne gongen i kvartettformat. Til Arendal Kulturhus kjem Hefre og Flottorp med Anne Gravir Klykken og Åsmund Solberg, som begge har vore med i prosjektet frå første øvingsdag Anne Gravir Klykken – song Johanne Flottorp – hardingfele, fele Anders Hefre – treblås, trøorgel og piano Åsmund Solberg – gitar Foto: Ingvild Flottorp

Sted

Arendal Kulturhus

Arendal

Se alle arrangementer→

Mer på Arendal Kulturhus